Øktanuten-2-Foto.-Frede.Olaussen

Det er 1,6 km til Eidfjord sentrum der du finn turistkontor, cruisekai og båtar, butikk, post, hotell, pensjonat og kiosk/kafe. Opningstidene på desse stadane om vinteren er reduserte.

 

Fjordperlen-9-Foto.-Frede.Olaussen

Frå hytta er det fin utsikt over Hardangerfjorden og dei majestetiske fjella omkring. Eidfjord byr på nokre av Fjord-Noregs største attraksjonar; Vøringfossen, Hardangervidda med fantastisk turterreng, fjellgården Kjeåsen, Hardangervidda Natursenter, Trolltoget og Måbødalen. Flotte dagsutflukter i Hardanger og til Bergen.

April, mai og juni er nokre flotte månader her i Eidfjord. Snø på toppane av fjella og grønt lenger nedi lia. Flotte kontrastar ved fjorden. Turistane våre seier dei treng ikkje TV her – dei ser på naturen i staden for, og vi får masse positive tilbakemeldingar frå kjekke og fornøgde turistar som gjerne kjem attende til oss.

 

Frede-og-steinbiten

Svært bra utgangspunkt for turar i ein flott natur. Fiskemoglegheiter ved fjorden, der ein robåt er inkludert. Motor kan leigast.

 

Laks-Foto.-Frede.Olaussen

Ein kan også fiske i elvar og vatn.

 

Kajakkpadling-påsken-av-Flatearth-Adventures

Kva med litt Kajakkpadling fjorden?

 

Maurseth-6-Foto.-Frede.Olaussen

Om vinteren frå januar og fram til påske har vi flotte preparerte skiløyper i fjellet. Vi har òg skitrekk for både store og små, for dei som likar alpint og snowboard. Skitrekket er ope i helgane, vinterferie og påskeferie. Her ser du skitrekket og varmestova med kiosk på Maurseth. Her er det god boltreplass for alle.
Du slepp lange køar. Vil du ha meir utfordring, finst det også skitrekk på Voss (1t), Røldal (2t) og Geilo (1,5t).

 

På-Maurseth-2006-Foto.-Anette-Olaussen-17

Her ser du bilete av ei som kosar seg på snowboard i flotte omgjevnader.

 

Maurseth-3-Foto.-Frede.Olaussen

Her ser du eit av hoppa dei har laga til for dei vidarekomne.

 

17-mai-2006-Foto.-Frede.Olaussen

Trass i at innbyggjartalet i Eidfjord er lågt (900 stk), vert det laga til ein del større faste arrangement i bygda vår, t.d. feiring av nasjonaldagen vår, 17. mai, der du vil få sjå mange bunadskledde folk i 17. mai-tog gjennom sentrum. Du kan òg vere med på gudsteneste i ”gamle kyrkja” vår denne dagen eller vere med oss på kulturhuset der det vert laga til mat og leikar og konkurransar for både små og store.

Andre aktivitetar er jonsokbryllaup (barnebryllaup) 23.juni som vert feira i sentrum. Ei helg i slutten av juni vrimlar det med folk i Eidfjord. Då vert Eidfjord fotballcup arrangert. Første helga i august har vi Norseman Extreme Triathlon og Eidfjord Minitriatlon, og i november vert det arrangert ein spennande matkulturfestival.

 

 

Fotogalleri av aktivitetar


Se alle bilder fra Fjordperlen