Øktanuten-2-Foto.-Frede.Olaussen

Eidfjord er ein turistkommune, og om sommaren er det mange som legg ferieturen sin til Eidfjord. Eidfjord har den finaste cruisekaia i heile verda, og  verdas fjerde største hengebru, som i seg sjølv vert ein turistattraksjon.

Det er spesielt flott i Fjordperlen om våren og om sommaren. Hausten er spesielt fin for dei som likar fjell, jakt og fiske samt hausting av bær. Vinteren er fin for dei som likar stillheita og å gå på ski i fjellet. Om vinteren er det begrensa med turistattraksjonar som er opne.

 

Fjordperlen-7-Foto.-Frede.Olaussen

Vi har ei koseleg lita hytte på 60 m2 som er innreia oppå eit naust like ved fjorden. På den 3,5 mål store tomta vår er det god plass til både dykk og oss. Vi har òg ein del frukttre og bærbuskar, til dømes rips, kirsebær, moreller, plommer og eple, som de kan smake på. Hytta ligg på den solrike sida av Eidfjord 1,6 km frå Eidfjord sentrum.

 





Fjordperlen er ein solrik plass frå tidleg vår til sein haust. Midt på sommaren går sola ned i 21.30- tida, og det er lyst nesten heile natta, men om vinteren er sola borte nokre månader pga. høge fjell. Fantastisk panoramautsikt frå både stove og soverom. Her kan ein nyte ein stille og roleg ferie, ein kan vere aktiv i naturen eller oppsøkje turistattraksjonar rundt i Eidfjord og elles i distrktet.

Fin plass for både store og små, frå fjøre til fjell. 25 minutt i bil så er du på Maurseth ved Hardangervidda i fint tur- og skiterreng. Skitrekk for små og store, samt flotte preparerte skiløyper på Maurseth om vinteren.

 

Fjordperlen bildekollektiv 9

Eidfjord har mykje å by på av natur og kultur, og heile Hardanger er heilt unik. Du er alltid velkomen til Eidfjord, sommar som vinter!

 

Fjordperlen-10-Foto.-Frede.Olaussen

På uteplassen kan du slappe av med grilling, fisking, lese ei god bok eller berre nyte utsikten.
Her er det òg laga til ein liten sløyebenk for fisken.

 

Venter-på-fisk.-Foto.-Frede.Olaussen

Båt og redningsvestar er inkludert. Motor kan leigast.

 

Solnedgang-1-Foto.-Frede.Olaussen

Fin kveldssol. Bilete teke frå uteplassen.

 

 

Fotogalleri


Se flere bilder