Velkomen
Hytta
Aktivitetar
Avstandar
Medlem av
Kontakt
Fotogalleri
Kart og GPS posisjon


Send tilbakemelding
Hytteoversikt
360 Panorama

Utleige


  • Hytta har ei koseleg stove med kabel-TV, radio/cd-spelar, og trådlaust internett inkludert
  • Velutstyrt kjøken med kaffitraktar, vannkokar, kjøleskåp, fryseskåp, (ikkje oppvaskmaskin)
  • Bad med dusj, WC og varmekablar 
  • Elektrisk oppvarming og vedomn i stova (straum og ved inkludert)
  • 2 soverom, eit med dobbelseng og eit med enkelseng.  Dobbel sovesofa i stova.  Barneseng og barnestol. Sengesett kan leigast. Max soveplass til 5 personar.
  • Båt og fin uteplass 

Fantastisk panoramautsikt frå både uteplass, stove og soverom.  Her kan ein nyte ein stille og roleg ferie, ein kan vere aktiv i naturen eller oppsøkje turistattraksjonar i Eidfjord og elles i distriktet.  Fin plass for både små og store, frå fjøre til fjell.  20 min. i bil så er du på Hardangervidda. 

 

Stor uteplass med grill, hagemøblar og parasoll.  Vi har også omn til røyking av fisk.

Sløyebenk med vannslange til rensking av fisk.

Båt inkludert – motor kan leigast.

 

Vi prioriterer kontinuerleg vedlikehald og reinhald av hytta.

Dersom du ynskjer, kan du betale for reinhald av hytta ved avreise. 

Her ser du stova med panoramautsikt mot fjord og fjell. 


Dobbelt soverom.  Her står også PC med internett.  Sengesett kan leigast.


Enkelt soverom

 
Badet


kjøkkenet

 

 Skriv ut artikkel