
Eidfjord er ein turistkommune, og om sommaren er det mange som legg ferieturen sin til Eidfjord. Eidfjord har den finaste cruisekaia i heile verda, og om nokre år får vi ei flott Hardangerbru, verdas fjerde største hengebru, som i seg sjølv vert ein turistattraksjon.
Det er spesielt flott i ”
|
Vi har ei koseleg lita hytte på ” Fantastisk panoramautsikt frå både stove og soverom. Her kan ein nyte ein stille og roleg ferie, ein kan vere aktiv i naturen eller oppsøkje turistattraksjonar rundt i Eidfjord og elles i distrktet. Fin plass for både store og små, frå fjøre til fjell. 25 minutt i bil så er du på Maurseth ved Hardangervidda i fint tur- og skiterreng. Skitrekk for små og store, samt flotte preparerte skiløyper på Maurseth om vinteren.
Eidfjord har mykje å by på av natur og kultur, og heile Hardanger er heilt unik. Du er alltid velkomen til Eidfjord, sommar som vinter! | |
|
| |
|
På uteplassen kan du slappe av med grilling, fisking, lese ei god bok eller berre nyte utsikten. Her er det òg laga til ein liten sløyebenk for fisken.
Båt og redningsvestar er inkludert. Motor kan leigast. Katten vår, Lukas, er veldig glad i folk og tek gjerne ein tur nedom for å helse på dykk. Han er veldig glad i fisk, og møter alltid opp når du kjem i land med fangsten. | |
|
| |
|
|