• Hytta har ei koseleg stove med TV, DVD, og trådlaust internett inkludert.
  • Velutstyrt kjøken med kaffitraktar, vannkokar, kjøleskåp, fryseskåp og oppvaskmaskin.
  • Bad med dusj, WC og varmekablar.
  • Elektrisk oppvarming og vedomn i stova (straum og ved inkludert).
  • 2 soverom, eit med dobbelseng og eit med enkelseng. Dobbel sovesofa i stova.
  • Sengesett kan leigast. Max soveplass til 5 personar.
  • Båt og fin uteplass.

 

 

Fantastisk panoramautsikt




Hytta har fantastisk panoramautsikt frå både uteplass, stove og soverom. Her kan ein nyte ein stille og roleg ferie, ein kan vere aktiv i naturen eller oppsøkje turistattraksjonar i Eidfjord og elles i distriktet. Fin plass for både små og store, frå fjøre til fjell. 20 min. i bil så er du på Hardangervidda.

 

 

Stor og fin uteplass


Baalkos-Foto.-Frede.Olaussen

Hytta har stor uteplass med grill, hagemøblar og parasoll. Vi har også omn til røyking av fisk. Sløyebenk med vannslange til rensking av fisk. Båt inkludert – motor kan leigast. Vi prioriterer kontinuerleg vedlikehald og reinhald av hytta. Dersom du ynskjer, kan du betale for reinhald av hytta ved avreise.

 

 

Fotogalleri av hytta


Se flere bilder